Ein veg vi går
(Something that we do)

Tekst og musikk: Clint Black/Skip Ewing
Til norsk ved Edvard Hoem

Eg kan minnast da vi vart eit par,
eg ser for meg korleis allting var,
eg veit vi gav det rette svar:
Eg er for evig din!

Kjærleik varer, kjærleik bind,
eg blir din og du blir min,
men vår elsk kom ikkje som ein vind,
den er ein veg vi går!

Eg held deg tett og lar deg gå,
flyg høgt, ligg lågt, går til og frå,
vår lidenskap er sterk og rå,
og svak på same tid.

Den bed om lite, bed om alt,
den styrer gjennom varmt og kaldt,
den kjenner ikkje rett og galt,
den er ein veg vi går.

Når vi er nær kvarandre, veks vår styrke fritt,
om vi kan finne mot og glede oss når kvar held på med sitt,
er vi når vi går saman – den veg vår kjærleik vil –
så nær(e) at ingen veit når eg tar slutt og du tar til.

Mitt hjarte bankar hardt fordi
det byrja med eit frieri.
Vårt liv i lag har vart lang tid,
men alt er like nytt.

Så kjær og så uendeleg,
kvar nye dag er ny med deg,
vår kjærleik er forunderleg,
den er ein veg vi går.

Når vi er nær kvarandre, veks vår styrke fritt.
Om vi kan finne mot og glede når kvar held på med sitt,
er vi, når vi går saman – den veg vår kjærleik vil –
så nær(e) at ingen veit kvar eg tar slutt og du tar til.

Langt og vidt vår kjærleik når,
gong på gong mitt hjarte slår,
kjærleikssongen går og går,
eg vonar du syng med!

Eg minnest da vi vart eit par,
ser for meg korleis allting var,
vår elsk er meir enn våre svar,
den er ein veg vi går.